The Makeover

Film · 2013 · · 26. desember 2015
3/5

Ei politikarkvinne tapar valet om å bli kongressmedlem, men får sjansen igjen året etter. Ho ser potensiale i å førebu ein annan og meir folkeleg kandidat enn ho sjølv til å stå for hennar saker.

Kvinna er Julia Stiles. Mannen David Walton. Ho spelar stiv og formell, han spelar folkeleg. The Makeover er ein typisk romantisk komedie med dei kjente ingrediensane som stereotypar, å føre folk bak lyset, tiltrekking i motsetningar, føreseieleg struktur og meir. Det er nesten godt nok til å vere ein dårleg kinofilm, men det er bra til å vere ein Hallmark tv-film.

Det er ikkje så mykje å hoppe høgt for når det gjeld komedie. Men romantisk sett er dette tilfredsstillande på det lettaste og ledigaste nivået. Utover det spelar trynefaktoren til for min del kjente skodespelarar inn ein liten del, og dermed er The Makeover god nok til å bli likt.

IMDb-logo
The Makeover 2013 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Julia StilesDavid Walton (II)Camryn ManheimVis alle

Sjanger

Land