The Man from Utah

Film · 1934 · · 25. september 2020
3/5

The Man from Utah er ein tidleg John Wayne-film frå B-filmperioden hans på 1930-talet. Nokre av desse tidlege westernfilmane med han i har blitt fargelagt i ettertid, men denne såg eg i opprinneleg svart og kvit.

Etter nyleg å ha skrive om Blue Steel, ein annan John Wayne-film som kom ut same året, vil eg her nemne at dette er ein av dei mange filmane han spelte i lag med George 'Gabby' Hayes i. Ein skodespelar som kan skilte med 195 krediterte rollar i si aktive karriere frå 1919 til 1950.

I denne filmen inngår desse to karane eit samarbeid om å ta ein svindlarbande på fersken. Det skal vere eit stort rodeo i området, og marshallen spelt av George 'Gabby' Hayes har mistanke om at ein bande saboterer motstandarene for å stikke av med hovudpremien. Den unge mannen John Wayne er dyktig på alt frå riding til pistolskyting og blir med på å delta i konkurransen for å ta banden.

Det er eit sånn passe B-filmpreg over dette, enkelt som det er. Og lengda er på under ein time. Det unike med filmen for min del er den store mengda show- og rodeoinnslag. Dette er tydeleg arkivfoto, men er likevel godt brukt og gjer at filmen på sitt vis får gått i djupna og skil seg ut.

The Man from Utah er nok ikkje den første B-filmen med John Wayne eg vil anbefale, men er fin underhalding for spesielt interesserte.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Man from Utah 1934 plakat - Filmdagbok