The Man in the High Castle

Serie 2015–2018

The Man in the High Castle er ein Amazon-serie, basert på ei bok av Philip K. Dick. Sistnemnte hadde vore nok til at eg skulle fatte interesse, men det var ei oppsummering av handlinga og konseptet som trakk meg inn denne gongen.

Me er i USA på 1960-talet. Men det er ikkje USA som me kjenner det frå historien. I universet til serien har Tyskland og Japan vunne andre verdskrig, og USA har blitt delt i tre: Nazistane sin del på austkysten, japanarane sin del på vestkysten og eit nøytralt område i mellom.

Serien er stort sett ei skildring av motstandsrørsla og staten i ei grusam nazi-verd som har fått festa seg. Her får du god innsikt i nazistane sine verdiar og hyllest av det kollektive. Og du kan bli minna på kor store likskapar det er mellom dette og sosialdemokratiet. For dette åleine er serien verdt si tid i grøss.

Som vanleg når Philip K. Dick står bak, så har dette snev av science fiction i seg. Men første sesong gav berre smakebitar på det spennande som skjer vidare. Serien sentrerer seg rundt nokon filmrullar, som eg utan å røpe innhaldet i legg til rette for at seriens horisontar utvidar seg i andre og tredje sesong.

The Man in the High Castle er ikkje perfekt. Tempo og framdrift er dessverre låg i delar av serien. Heldigvis er nysgjerrigheita mi for alt i dette alternative universet stor, så eg overlever dødpunkta.

Her har du også tenester som Amazons Primes styrke i form av å lansere alt samtidig. Hadde denne serien gått over ti veker, med ein episode kvar veke, ville eg ha opplevd at serien stod i stampe. Men å kunne sjå alt fortløpande er ein stor fordel med The Man in the High Castle.

Rangert som 3 av 53/5

The Man in the High Castle 2015-2018 plakat

Merkelapp

Amazon

Skapar

Frank Spotnitz

Manus

Philip K. Dick

Skodespelarar

Alexa Davalos, DJ Qualls, Joel de la Fuente, Cary-Hiroyuki Tagawa, Rufus Sewell, Rupert Evans, Luke Kleintank, Chelah Horsdal, Brennan Brown, Arnold Chun

Sjangrar

Drama, Science fiction, Thriller

Land

USA

Publisert 3. november 2018 av Bear Ness