The Man Who Shot Liberty Valance

James Stewart, John Wayne og Lee Marvin, for eit stjerneteam.

James Stewart spelar nyutdanna advokat som kjem frå siviliserte aust til Shinbone i vest, han møter trøbbel i form av Liberty Valance spelt av Lee Marvin allereie før han når byen.

I Shinbone er alle, utanom ein, redde for Valance, som herjar både i byen og omverda med den notoriske banden sin. John Wayne som Tom Doniphon er Mannen Med Mot og viser stor dyktigheit med revolveren i handa. Advokat Stoddard har trass i møte med Valance framleis den nesten naive trua på det amerikanske rettsvesen i behald, og eg trur på han etter å ha sett James Stewart stå for denne karakteren i den fantastiske Mr. Smith Goes To Washington.

The Man Who Shot Liberty Valance handlar forutan det opplagte om to sterke, men vidt ulike menn, deira møte, deira kamp for handa til ei frøken og deira kamp for rettferd. Ingenting spesifikk å utsette på denne. God film.

The Man Who Shot Liberty Valance 1962 plakat - Filmdagbok

Dato

25. mars 2008

Forfattar


Skodespel

John Wayne (I)James Stewart (I)Vera MilesVis alle

Sjangrar

Land