The Man with One Red Shoe

Film / 1985
3/5

The Man with One Red Shoe er blant dei første hovudrollene til Tom Hanks, men ikkje den aller første. I ein forviklings- og spionkomedie som er midt på treet, spelar Tom Hanks ein fiolinist som tilfeldigvis hamnar i midten av eit spiondrama. To grupper på innsida av CIA er i kamp om makta, og den eine avgjer å forvirre den andre ved å rette søkelyset mot ein tilsynelatande viktig person. Eit spel som byggjer opp rundt at denne personen er viktig fører til at Tom Hanks, som den tilfeldige personen, blir midtpunktet i ei overvaking.

Handlinga er som følger at den klønete karakteren spelt av Tom Hanks blir forfølgd utan at han veit det. Komiske situasjonar oppstår i det han skal bli angripen og liknande i løpet av filmen.

I dette er det mykje enkel og grei komedie, men filmen er forutan dei store augneblinkane. Karakteren filmen får er ein vippekarakter med vekt på det positive, men på ein annan dag kunne det gjerne ha vore hakket dårlegare.

The Man with One Red Shoe 1985 plakat - Filmdagbok