The Man with the Golden Gun

Film · 1974 · · 11. november 2012
3/5

Berre eit år etter sin første James Bond-film, dukka Roger Moore opp for andre gong som den britiske spionen. Denne gongen i ein film kor han bokstaveleg talt møter ein mann med ein gylden pistol.

Etter at James Bond set i ging å leite etter ein mann som han trur er i eige av solcelleteknologi, blir han eit mål for ein leigemordar. Ei kule med 007 inngravert i seg dukkar opp, og vegen til å avdekke skurken som har namnet Scaramanga, må gå via å finne og overleve leigemordaren. Ein fyr som på sett og vis leiker med James Bond.

Denne filmen har ei grei historie som er passe enkel å følge. Filmen kjennest noko lang, som er mi største innvending. I lag med at Roger Moore er ein noko kjedeleg James Bond utan nok glimt i auget.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Man with the Golden Gun 1974 plakat - Filmdagbok