The Manchurian Candidate

Film · 1962 · · 28. november 2007
4/5

To gonger har eg sett nyinnspelinga av denne politiske thrilleren, begge gongene utan å bli overvelda, men han er ein akseptabel og over gjennomsnittleg intelligent film. Om ikkje direkte utfordrande, så krev han at du held styr på folk og er villig til å vurdere dei, ikkje berre ta dei som gitt i eit bildekalas for å døyve svolten etter underhalding.

The Manchurian Candidate er, som mange andre originalar til den tidvis nære nyinnspelte filmen, meir omfattande enn nyinnspelinga. Utan å gjere det til ein regel ser eg gjerne tendensen til at fleire rollefigurar blir sveisa saman til ein og gitt ein ny posisjon i historia, ei forenkling så det nyare publikummet ikkje blir utålmodige og forvirra, men får eit inntrykk av å avsløre noko innvikla?

2004-versjonen av The Manchurian Candidate er heilt kurant. Den største forskjellen ligg ikkje i i kva grad desse er gode eller ikkje, men i behandlinga av karakterane sine i forhold til kvarandre. Ein av hovudpersonane, Shaw, har blitt omskrive i den grad at det er like spennande å følge han her, trass i at eg har sett The Manchurian Candidate utfalde seg før. At det her er med eit par ekstra namn samanlikna med 2004-versjonen er inga utfordring. Dei blir via meir tid og får betre rotfeste, så The Manchurian Candidate anno 1962 står best fram med persongalleriet sitt.

Frank Sinatra går mellom svært passande til traudig fleire gonger i løpet av filmen og trekk med enkelte innspel frå andre ned på den generelle skodespelarprestasjonen. I blant ligg det på kanten til kunstig og teit, resten av tida er det ein fryd å følge med på. Janet Leigh kan ingen skulde på, men Rosie er unødvendig.

Når det gjeld handlinga til filmen er tolkinga i begge filmane relevante med tanke på tid og gir ingen direkte grunn til å tvile på logikken. Spelet omkring politikken synst eg er tydelegare til stades i 2004-versjonen, utan at det står som ein negativ ting for 1962-versjonen, der andre sider ved historia blir avslørt i større detalj for publikum.

Det blei mykje samanlikning her, men no var det slik at eg såg filmen på denne måten, så det skal vere vanskeleg å komme unna. Skal eg så gjere ei siste vurdering, då på kven av filmane som er best, må det bli ein knapp på denne. Hovudsakleg fordi han fortel historia si betre og stikk seg meir ut som ein særeigen film enn den meir typisk utførte konspirasjonsthrilleren som nyinnspelinga var.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Manchurian Candidate 1962 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Frank SinatraLaurence Harvey (I)Janet Leigh (I)Vis alle

Sjangrar

Land