The Manhattan Project

Film · 1986 · · 15. juli 2015
4/5

Ein tenåring avslører at eit medisinsk laboratorium eigentleg er eit dekke for raffineringa av plutonium. For å få best effekt ut av avsløringa går han inn for å bygge ei atombombe.

Dette er The Manhattan Project kort oppsummert. Det er drygt, men det fungerer godt, og eg vil påstå at hovudårsaka til dette er at me har ein hovudperson som både er smart og målretta, ein som spesielt ungdommar vil sjå opp til, men som også eg ser opp til. Intensjonane til tenåringen betyr ingenting, det er utføringa og resultatet som er imponerande.

Innbrotet han gjer for å få tak i plutonium og måten han elles opererer på, er i beste oppfinnsame ungdomsfilmstil. Litt som WarGames og Home Alone, der den unge lurer dei vaksne og gjer fiffige greier med tekniske verktøy og sånt.

Samtidig som heile greia med å bygge ei atombombe er dryg, så er alt pakka inn på ein måte som gjer det truverdig innanfor rammene til filmen. Det gjer at det vidare kan bli spennande, og det blir det.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Manhattan Project 1986 plakat - Filmdagbok