The Many Adventures of Winnie the Pooh

Film 1977

The Many Adventures of Winnie the Pooh er ein Disney-film frå 1977 om Ole Brumm, Kristoffer Robin og dei andre dyra i Hundremeterskogen.

Filmen er ei samling av fleire små historiar, og som er knytt i lag med eit artig forteljargrep. I The Many Adventures of Winnie the Pooh har forteljaren ein dialog med Ole Brumm, som er karakteren i ei bok forteljaren les. Dette resulterer i artig innspel som når Ole Brumm kommenterer at han ikkje vil bli med over til neste kapittel og historie i boka. Eller som at forteljaren viser til sider i boka, og overgangen blir animert ved at teikneseriefigurane hoppar frå ein illustrasjon til ein annan i ei bok.

Det er søte små forteljingar, med artige og unike karakterar som passar godt for både barn og vaksne. Filmen byr på stor variasjon av alvor og humor, og emnar å formidle fantasien til gutungen Kristoffer Robin på ein god måte, sjølv om han som karakter blir halde i bakgrunnen stort sett.

Eg såg The Many Adventures of Winnie the Pooh i ettertid av Christopher Robin, og han tilførte ein del meining som var til fordel for begge filmane.

Rangert som 3 av 53/5

The Many Adventures of Winnie the Pooh 1977 plakat

Publisert 4. oktober 2018 av Bear Ness