The Martian

Film · 2015 · · 22. januar 2016
3/5

Matt Damon spelar ein fyr som blir stranda på Mars, må overleve over ein lengre periode før han kanskje blir redda heim. Dette krev kunnskap og rask tenking. The Martian er basert på ei bok, og eg har lese ho.

Eg går inn for å skilje mellom bok og film. Begge bør fungere på eiga hand. Det er lettare å finne ut om ein film gjer det når eg ikkje har lese boka. Problemet mitt med The Martian er at eg er usikker på om minnet trekk opp opplevinga, eller om filmen er god nok på eiga hand. Samanlikninga uteblir derimot no.

Grunnen til at eg ville sjå filmen etter å ha lese og likt boka er at eg har sans for visuelle uttrykk. Og filmen The Martian er ein flott film slik sett. Mykje av det som skjer er derimot ikkje så imponerande. Filmen hastar gjennom strabasiøse stunder og får det som skulle vere ein håplaus situasjon til å verke enkel. Trur eg. Igjen kan minnet mitt om boka ha spelt inn.

Då filmen tar seg tid til å gå djupare inn på enkelte problem, noko som skjer litt for sjeldan, leverer han varene. Det er denne feiringa av intellektet som er det beste i The Martian. Og det at folk har peiling skin gjennom også i dei overflatiske delene av filmen, ettersom alt baserer seg på kalkulasjonar og liknande.

Tilnærminga til formuleringa er meir lik hovudstraumsfilmar enn noko anna, og bruken av verkemiddel, scenene og andre grep verkar for meg å vere daterte. Som om dette var ein ti til tjue år gammal storfilm.

Så sjølv om eg likte det eg så, kunne det ha vore betre. Det er den enkle konklusjonen min til ein enkel film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Martian 2015 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land