The Mechanic

Film · 2011 · · 15. august 2014
3/5

Jason Statham har det med å spele i tøffe actionfilmar, og The Mechanic er ingen unntak. Arthur Bishop (Jason Statham) er mekanikar, kodenamn for leigemordar, og ekspert på å kvitte seg med folk på alle måtar. Enten det skal sjå ut som eit uhell eller mord.

Når sjefen hans vil at han skal drepe mentoren og kollegaen Harry McKenna (Donald Sutherland), så byrjar ting å rote seg til for Bishop. Han tar sonen til McKenna, Steve, under vengene. Etter kvart lærer han informasjon han ikkje var tiltenkt.

Jason Statham briljerer i roller som er kalde, men kalkulerande karakterar på eit vis. Han er eit ikon i nyare actionfilmar i roller som steinhard, men smart. Og rolla som Arthur Bishop er i same bane. Ein mann som utfører grovt umoralske oppgåver i utgangspunktet, men som du i løpet av filmen skal sympatisere for då han blir prøvd lurt og drepen. Grunnlaget for dette er nok greia om at han er ein dyktig person som utfører ein jobb etter sin eigen kode for profesjonalitet, og at andre rotar det til for han.

Men det er ikkje verdt tida å henge seg opp i mangelen på moral i The Mechanic. Det er ein spenningsfilm som først og fremst handlar om korleis ein smart mann løyser farlege og valdelege problem, samtidig som han innimellom mistar grepet litt. Og resultatet av dette er tøffe scener, som rømming, skyting, og slikt i den dur.

Det kokar ned til at om du har sansen for filmane med Jason Statham dei siste åra, og den sjangeren der, så er The Mechanic eit trygt val.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Mechanic 2011 plakat - Filmdagbok