The Meg

Film / 2018
3/5

Den største feilen filmen gjer er kor hardt han prøver å få oss på kroken i første akt. Manuset er solid, handlinga er spennande og skodespelet er på plass i dei 45 første minuttane. Men så sporar filmen av og rotar seg litt til. Det var ikkje uventa med tanke på at filmen skulle vare i nærare to timar.

Eg hadde nok hatt større glede av filmen om han ikkje prøvde så hardt å gi meg eit håp. Så viss du har tenkt til å sjå The Meg, så anbefaler eg deg å gjere det med ei forventing av at dette er ein overdriven film utan altfor godt drama.

The Meg 2018 plakat - Filmdagbok