The Meyerowitz Stories (New and Selected)

Film · 2017 · · 19. august 2021
3/5

Noah Baumbach har for meg blitt synonymt med filmar som blandar drama og komedie, og evnar å stikke litt djupare på tema som familie og forhold.

I The Meyerowitz Stories (New and Selected) spelar Adam Sandler, Ben Stiller og Elizabeth Marvel vaksne søsken med felles far. Faren er spelt av Dustin Hoffman.

Det er mykje eg kan nemne med denne filmen. Stilen og uttrykket skil seg positivt ut, med ein måte å filme på som tar meg tilbake til slutten av 1970- og starten av 1980-talet. Med lengre takningar og kamera som følgjer rørslene i bilde. Det gjer at skodespelarane kan vise kor gode dei er til å spele, og eg som sjåar kjem nærare karakterane.

Adam Sandler glimtar til. Som hovudrolla i filmen står mykje på han. Men sjølv om han elles spelar i altfor mange dårlege filmar, tvilte eg ikkje på at han kunne levere i ein kvalitetsfilm.

Filmen er delt inn i mange små og større historier frå familien Meyerowitz, fortalt i kronologisk rekkefølge. Det handlar om liva til dei no vaksne barna, og korleis dei har blitt prega av oppveksa si. Kall det ein bit av eit familieportrett, delt inn i nokre kapittel skilt frå kvarandre med tekstplakatar.

Handlinga er lagt til New York, og fangar storbyen på ein tilsynelatande hektisk og kvardagsleg måte, med mykje energi og spennande liv. Det gir rom til å drøyme seg vekk til å dra dit på tur, før filmen drar meg inn igjen i dramaet.

Det er mykje godt ved The Meyerowitz Stories (New and Selected). Og ei rangering på 3/5 er nok, det skulle ha vore litt meir. Det stikk berre ikkje djupt nok til å vippe over på ei høgare rangering. Det er meir morosamt rart og interessant enn gripande. Og akkurat her held ikkje det nok til å forsvare ei høgare rangering. Eg kan likevel rå filmen til deg om du likar filmane til Noah Baumbach. Og det er artig å sjå korleis utføringa går i retning av uttrykket som i 2019 prega Marriage Story.

Les også meldingar på filmfront.no (norsk) og www.eyeforfilm.co.uk (engelsk).
IMDb-logo
Filmfront-logo
The Meyerowitz Stories (New and Selected) 2017 plakat - Filmdagbok