The Mist

Film · 2007 · · 9. mars 2008
4/5

Frank Darabont står bak to av dei beste, men og mest dramatiske Stephen King-adapsjonane til lerretet. Med The Mist rører han seg inn på det overnaturlege, men skapar like fullt ein god film.

Det startar med ein storm, så kjem tåka, tjukk som julenissen og kvit som kokain, og legg seg som eit pledd over småbyen me har blitt etterlatne i. Eit tre i hagen til familien Drayton har knust det eine vindauge i huset deira, og herr Drayton, David, er i butikken med sonen for å kjøpe utstyr til å reparere med når tåka sig inn. Ingen aner fare før ein blodig mann kjem springande ut av tåka og inn på butikken, det er noko som gøymer seg i ho.

The Mist handterer gruppa menneske i butikken i deira møte med det som ikkje skal kunne eksistere. Reaksjonane varierer frå fornekting til aggresjon. Nokon går rett i døden som følger av dårlege avgjersler. Men korleis kan me utsette noko på folk som klart er i sjokk?

Den ustabile og fundamentalt kristne kjerringa Mrs. Carmody preikar i eit sett om viljen til Gud og er det tydelegaste eksempelet på at denne filmen tar for seg interne problem så vel som eksterne. Marcia Gay Harden er ei dame eg misliker sterkt her, ho er så altfor flink til å spele eit usmakelege kvinnfolk. Ho gjer ei av dei beste verste rollene sine i The Mist, som ei meir truverdig og ikkje minst vaksen utgåve av Malachai frå Children of the Corn. Konflikten mellom ho og andre er årsak til stor irritasjon og engasjement. Du vil at noko skal skje, samtidig legg ikkje The Mist seg i skinnesporet til klisjetoget, sjølv om det i blant blir kryssa.

Mellom mange og dataanimerte monsterkalas held Frank Darabont spenningen oppe ved å utnytte tåka for det ho er god for. Uvisse pregar store delar av filmen. Tung stille heng over mange av dei beste scenene. Stygge kryp kjem tidsnok inn i bilde. Kva opphavet er blir det viktige spørsmålet som gjer det verdt å følge med på vidare. No drar dette ut i litt over to timar, noko tolmodet får kjenne gjennom eit par altfor lange sekvensar. Eg tykte likevel at det er ein god film. Mange interessante og ulike sider ved historia kjem fram. Det blir aldri ein reindyrka monster-slasher eller film som utelukkande handlar om konflikten mellom folka i butikken. Balansen er god og gjer dette verdt å sjå.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Mist 2007 plakat - Filmdagbok