The Naked Spur

Film · 1953 · · 9. november 2014
4/5

I The Naked Spur spelar James Stewart ein dusørjeger. Han skal ha tak i ein mordar, og får uønskt støtte av to tvilsame karakterar. Når han endeleg får tak i mordaren, så har han selskap i ei yngre dame.

Vegen frå langt uti den ville naturen der Kemp (James Stewart) fangar Vandergroat (Robert Ryan), tilbake til sivilisasjonen, er full av farar og interne konfliktar. Karakterane er blandingar av gode og dårlege sider. Helten som er Kemp, har tvilsame motiv. Vandergroat som er skurken, har eit par gode sider. Dei tre andre karakterane er tilsvarande. Og når lite blir sagt, tar det tid å få vite sanninga. Dette held filmen på tærne så lenge som nødvendig.

På vegen er det også plass til ein dose romantikk og fleire skytescener. I grunn alt som skal til for å gjere dette til ein real western. At filmen er spelt inn i Rocky Mountains gir handlinga eit spennande og varierande, og samtidig ekte bakteppe.

IMDb-logo
The Naked Spur 1953 plakat - Filmdagbok