The Namesake

Film · 2006 · · 31. juli 2007
4/5

The Namesake skildrar tilvertinga av ein indiske familie av første generasjon i USA. Ashoke Ganguli (Irrfan Khan) har allereie teke doktorgrad der når han får seg ei kone i India som flyttar med han.

Flytteprosessen er ikkje enkel for den nye fru Ganguli (Tabu). Men etter kvart får ho barn å styre med. Heile vegen legg filmen vekt på å vise kontrastane mellom det fargerike og varme India mot eit kaldare og isolert USA, utan å overdrive eller favorisere.

Barna til Ganguli veks opp og sonen (Kal Penn) tar meir over for handlinga etter faren. Han som både er fødd og vakse opp i statane har ikkje omfamna kulturen til familien noko særleg, noko som kjem fram i usikkerheita hans om i kva grad han skal bli heitande Gogol frå fødsel av eller Nikool, det ekte namnet hans frå fireårsalderen.

The Namesake er eit generasjonsdrama som viser sidene ved både emigrering og immigrering. Rik på inntrykk, Mira Nair har laga ein film som treff på dei rette stadene og som inspirerer og køyrer løpet heilt ut. Ein god kombinasjon av indiske skodespelarar og amerikansk-indiske Kal Penn, som får vise at han kan stå i gjennom anna enn berre komediar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Namesake 2006 plakat - Filmdagbok