The Newsroom

Serie · 2012–2014 · · 15. desember 2014
3/5

Eg har sansen for stilen til Aaron Sorkin når det gjeld tv-seriar, og til ei viss grad film også. Han er dyktig på å skape innhald som er godt på dialogar, og gi det ei form for dagsaktualitet og realisme. Samtidig er han dyktig på å bevisst plassere karakterane sine i eit avgrensa miljø med drama som knyter dei sterkare i lag enn det som skjer rundt dei.

The Newsroom var i første og til dels andre i sesong nok eit godt eksempel på det eg likar med Aaron Sorkin. Ein serie som er lett å bli hekta på, og som uavhengig av kva stemme serien har om ulike tema, er interessant å følge med på. Dessverre snur The Newsroom seg etter kvart. I skrivande stund har eg akkurat sett ferdig tredje sesong, som er den siste og den verste. Det er nesten som eg vil kalle det makkverk, men det er nok mest i samanlikning med tida til serien på topp at siste sesong er dårleg. Eg er usikker på om dette skjedde brått, eller om det allereie under andre sesong var på veg dit. Det er for lenge sidan eg såg han til at eg er sikker.

Første sesong av The Newsroom er ei soleklar anbefaling. Men etter dette er det like greit å hoppe over på andre seriar. Sports Night av Aaron Sorkin er verdt å sjå.

IMDb-logo
TV Time-logo
Filmfront-logo
The Newsroom 2012-2014 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Jeff Daniels (I)Emily MortimerJohn Gallagher Jr.Vis alle

Sjanger

Land