The Night Before

Film · 1988 · · 5. april 2010
3/5

Winston vaknar opp i ei sidegate utan å hugse kva som har ført han dit. Når han byrjar å utforske nabolaget og snakkar med folk, hugsar han bit for bit, og det gjekk ikkje akkurat roleg for seg kvelden før.

Keanu Reeves får generelt sett mykje kritikk. Enkelte påstår at han berre har spela i tre gode filmar: Bill and Ted's Excellent Adventure, Speed og The Matrix. Eg har aldri hengt meg opp i dette, og har på langt nær sett alle filmane hans. Det er eit krav for å kunne sei noko verdt å høyre på.

I The Night Before spelar ikkje Keanu Reeves så bra, og endar opp med å bli ein kjedeleg fyr i ei rekke sprø hendingar som har funne stad i løpet av ein kort kveld. Det at han ikkje er ein person som er artig å følge, gjer at dei fleste møta hans med trøbbel blir som små hinder på veg mot slutten av filmen. Det er ein slutt du har lyst å nå fort.

Det kan likevel ikkje bli nekta for at det undervegs er nokon små gode innslag, som eg gjerne skulle kunne røpe. Men sidan eg ikkje er så stor fan av å lese avsløringar av dei beste scenene i andre filmmeldingar, så unngår eg dei sjølv her også.

I tillegg er Lori Loughlin med. Det er vel alt som er verdt å nemne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Night Before 1988 plakat - Filmdagbok