The Nightmare Before Christmas

Film · 1993 · · 20. desember 2011
4/5

The Nightmare Before Christmas er førjulsmarerittet til Tim Burton. Prosjektet var påtenkt allereie i 1982, men det tok ni år før filmen blei realisert.

Historia startar i halloweenbyen. Jack Skellington er graskarkongen og den mest skremmande skapninga i byen. Året rundt går med til planlegging av halloween neste år. Men åra har gjort Jack lei av høgtida. I flukt frå byen oppdagar han jula, og han vil introdusere den nye høgtida for medborgarane sine.

Punktfotograferingsregissøren Henry Selick og komponisten Danny Elfman var med å lage The Nightmare Before Christmas. For filmen betyr dette kvalitet. Henry Selick har fått fram visjonen som utan tvil er den til Tim Burton. Danny Elfman har treft med stemningsbyggande musikk, og bidrar også som songstemma til Jack.

På korte 80 minuttar får du ein høgtidsfilm som passar både til jul og halloween. Animasjon som uttrykksform har alltid passa rundt juletider for meg. Jon Blund i adventskalenderen Jul i skomakergata, Disney-filmar og Flåklypa Grand Prix på julaftan har sete spor.

Praksisen med punktfotografering rundt juletider har etablert seg. Serien Community gav ut ein episode før jul i fjor, og eit innslag er med i årsaktuelle A Very Harold & Kumar 3D Christmas. The Nightmare Before Christmas får meg i julestemning. Så enkelt er det. Dei fleste som er ekstra interessert i film kjenner til denne. For alle andre er det berre for meg å anbefale han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Nightmare Before Christmas 1993 plakat - Filmdagbok