The Nines

Film · 2007 · · 18. mars 2008
3/5

Det er meir ved The Nines enn det som møter auge. Du har eit intrikat mønster av karakterar spelt av same skodespelarar, som i varierande grad har rot i verkelegheita. Det er skrive spesifikk for skodespelaren, noko fans av Ryan Reynolds vil skjønne når han drar vitsar om Canada. Du har tre deler som skal tilføre meining til den grunnleggande ideen. Du har talet ni. Og du har mykje meir.

Ryan Reynoldss spelar Gary, Gavin og Gabriel, tre ulike roller med ulikt yrke, men likevel den same personen. Her er det nesten håplaust å forklare betre enn at filmen er delt inn i tre deler som heng saman på dei mest finurlege måtane.

Andre viktige personar som kryssar over desse tre delene er Hope Davis som Sarah, Susan og Sierra. Ho er ei streng, forførande, litt dum eller faktisk snill karakter. Til slutt er det Melissa McCarthy som Margaret, Melissa og Mary. Rolla hennar i filmen er på mange måtar ho med ekstra krydder. Ho spelar til ei viss grad seg sjølv som er på veg til å få ei hovudrolle i ein eigen serie.

Greia med nitalet er noko du vil finne ut av etter kvart. I kva grad det lønnar seg å streve etter forståing frå starten av får vere ei vurderingssak. Eg tykte at det best å ta inn over meg det som skjedde der og då, og vente på resten med tolmod.

Filmen går litt seint framover i blant viss du ser på det som ei reise mot eit mål. Det er ein fordel å kunne finne lyspunkt i absurde kommentarar, uforståelege hendingar og karakterstudie. Ryan Reynolds gjer ein av sine betre alvorlege rolleprestasjonar. Rollene hans kan umogleg ha vore lette å forstå og filmskapar John August har gjort ein god jobb med det rare manuset sitt.

Hope Davis gjer også ein forventa god rolle. Mangelen på god kjemi mellom Ryan Reynolds og Melissa McCarthy er akilleshælen til desse tre historiene.

Tre deler, eit nital i felles og ei høgare meining som blir oppklart til den grad at du har noko handfast å fundere på i ettertid. Det er The Nines kort oppsummert. Det kan vere ein fordel å vere interessert i maskineriet til tv-bransjen. Du bør også vite at du går til ein film som er prega av dialog. Eller du kan rett og slett ha lese fleire filmmeldingar før du ser han.

Eg sit no og tenker at eg sikkert ikkje har gjort det enklare å forstå filmen med innlegget mitt. Eg er usikker sjølv på kva eg faktisk trur at eg har sett, men eg publiserer tankane mine likevel.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Nines 2007 plakat - Filmdagbok