The Ninth Configuration

Film · 1980 · · 7. oktober 2007
3/5

The Ninth Configuration var den tredje langfilm under Katakombefilm i 2007. Klokka var allereie blitt 17.45. Men så gjekk tida seinare. Filmen har kvalitetar. Han har eit godt behandla og tydeleg tema og mange gode enkeltprestasjonar.

Det startar lett med humoristiske innslag i den militære psykiatriske institusjonen handlinga er lagt til. Så flyttar det seg gradvis meir mot å vere alvorleg på eit filosofisk nivå.

Gode vriar og hyggelege referansar bidreg til å heve kvaliteten til filmen. Problemet er at filmen tek seg altfor god tid til det meste og blir ei tolmodsprøve utan like i Katakombefilm-samanheng, ein dag prega av mange timar og mange filmar.

IMDb-logo
The Ninth Configuration 1980 plakat - Filmdagbok