The November Man

Film · 2014 · · 24. juli 2015
3/5

Ein spion er aldri ferdig med jobben. Dette er slagordet til The November Man og sant for hovudrolla Devereaux (Pierce Brosnan). Han har vore ute av CIA i nokon år, men blir henta inn igjen for å redde og verna eit vitne til at den neste moglege presidenten av Russland er kriminell.

The November Man har det som skal til for å bli ein tøff spionthriller. Agentar med våpen, action i Europa og kriminelle i nesten alle leirar. Sånn at du aldri veit kven du kan stole på. Dette tilfører filmen mengder med spenning og høgtempo handling. Pierce Brosnan har definitivt lagt si fortid som agenten James Bond bak seg med Devereaux, og er nådelaus i tolkinga si.

Det er umogleg å få noko fornuftig ut av ein film som dette når det gjeld moral eller kven som er gode og fortener å vinne. Eg klarar ikkje lenger å involvere meg på personnivå i filmar og historier som har målet rettferdiggjer alle midlar som motto. Men trass i dette så byr altså dette på nesten to timar med tøff film. Eg kjem litt i same stemning som med Bourne-filmane, utan å trekke for store parallellar, men slepp heldigvis shaky cam her.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The November Man 2014 plakat - Filmdagbok