The Number 23

Film · 2007 · · 6. september 2007
3/5

Jim Carrey heng seg opp i talet 23 og finn ut at alt kan koplast til det. Ganske tullete å lage film av, men å tolke alt som ei kopling til talet er visst ganske populært, og det har vore laga film av rarare ting.

Rart i denne samanhengen er ikkje bra. Filmen strevar med å finne eit dugeleg spor å følge, men blir strevande som ein bakfull pingvin på nordpolen. Cheesy bildekonstruksjonar frå boka Jim Carrey blir opphengt i, få forstyrrande bilde og ein familie som faktisk er funksjonabel høyrer i mitt synspunkt ikkje heime i ein slik film. No er rett nok filmen Rated R, men kunne nesten fått PG-13. I Noreg er han meir fornuftig plassert på aldersgrense 15 år.

Når filmen prøver å løyse opp i problema som han har skapt for seg sjølv, tar han steget heilt ut på jordet og ror i land forklaringar som i tilfelle dei i er knytt til spor tidlegare i filmen har vore off screen.

Jim Carrey er faktoren i filmen eg stadig kjem tilbake til. Opplagt nok når han er hovudpersonen. Han gjer i og for seg ein god jobb med det tynne materiale han har fått utlevert og det verkar som han er rollefiguren sin i stor grad.

Om The Number 23 er ein film som er verdt å sjå tar eg sterk avstand i frå å ytre meg om, sjølv om eg ikkje slaktar filmen. Sjølv om eg stort sett har ytra meg negativt her.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Number 23 2007 plakat - Filmdagbok