The OA (2016–2019)

Serie / 17. september 2019
4/5

The OA kom litt ut av det blå må eg innrømme. Eg har vore Brit Marling-fan i nokon år, etter å ha sett Another Earth i 2011. Og filmvala ho har gjort siden, i samarbeid med Mike Cahill eller Zal Batmanglij, har stadfesta hennar posisjon som ein interessant person i filmbransjen.

The OA føyer seg inn i rekka av det ho har gjort i retning av science fiction og mysterium. Serien handlar om ei kvinne som dukkar opp igjen etter å ha vore forsvunne i ni år. Ho samlar nokon lokale ungdommar, og fortel så historia om hennar og andre sin fangenskap.

Fangenskapet involverte fleire personar som alle hadde hatt ei nær døden-oppleving, og ein doktor som utførte eksperimenter på desse.

Dette er ein stemningsrik serie, kor mangel på informasjon og nøye planlagt formidling av kva som eigentleg går føre seg er gjort med stødig hand. I løpet av åtte episodar, som utgjer denne avsluttinga til miniserien, blir tema som trøblete ungdom, mental ustabilitet, kidnapping og ei blanding av overnaturlege element miksa med science fiction tatt opp. Det er ei blanding som fungerer godt til både å trekke ulike målgrupper, men også hindre at serien blir kategorisert. Det igjen gjer at eg ikkje nødvendigvis veit kva forventingar eg skal ha, som er ein god ting.

Trass i at det i blant dreg litt ut i tid, er eg alt i alt godt fornøgd med drivet i denne serien. Historia er ikkje noko å utsette på, og valet av skodespelarar er utmerka. Serien stikk litt djupare enn mange andre Netflix-seriar eg har sett, noko eg er glad for. Det er ein ambisiøs ide Zal Batmanglij og Brit Marling har tatt tak i, og det verker som dei har fått frie taumar nok til å gjere si eiga greie ut av det. Og det fungerer.

Som ein kommentar til andre sesong vil eg legge til at han tilfører serien ein ny dimensjon, bokstavleg talt. Det er som å sjå to ulike seriar, og det er forfriskande. Eg trudde i forkant at dette ville bli ei unødvendig fortsetjing av første sesong, og utsette difor å sjå serien i fleire månader. Men det verkar som at skaparane har bruk dei tre åra sida førre sesong godt.

Andre sesong blandar ulike dimensjonar, same personlegdomar på tvers av desse, kompliserte mobilspel og det psykologiske grepet på enkelte karakterar slik som tidlegare. Sesongen verkar ikkje så avgrensande eller dyster som før, sjølv om tematikken er seriøs. Eg trur ikkje serien kunne ha blitt det han har blitt utan første sesong, men eg er glad for at han utvikla seg.

The OA 2016-2019 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Netflix

Skaparar

Zal Batmanglij, Brit Marling

Skodespelarar

Brit Marling, Emory Cohen, Patrick Gibson, Jason Isaacs, Ian Alexander, Phyllis Smith, Brendan Meyer, Brandon Perea, Will Brill, Sharon Van Etten

Sjangrar

Drama, Mysterium

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The OA

Forfattar