The O.C. (2003–2007)

Serie / 25. juni 2007
4/5

Første esong av The O.C. var blant det beste blant tv-seriane eg hadde sett, og eg klarte ikkje å stoppe når eg var i gang med den. Eg måtte berre sjå neste, og neste, og neste, og så var eg plutseleg ferdig med dei 27 første episodane av serien. Eg så langt etter en like god serie i same sjanger. Veldig god humor og bra drama!

Så kom andre sesong og var skuffande. Full i fillers og fan service. Mindre tettpakka og ny handling, meir gjentaking. Sesongavsluttinga gav meg ikkje den same trykkande stemninga som den til første sesong. Så eg var heller skuffa, ettersom eg så fram til noko så mykje betre enn det eg fekk.

Når eg høyrte at en favoritt frå deler av første sesong, Jimmy (Tate Donovan) skulle komme tilbake, så forventa eg mykje meir. Jimmy var en kul fyr med seriøse problem. Når han kom tilbake blei brått ting godt igjen, det stemte ikkje heilt. Også gravferda til Caleb (Alan Dale) var ikkje særleg. Han fortente betre, så viktig som rolla var for serien. Han brukte å vere den vonde mannen på ein god måte, men blei også for tam utover denne sesongen.

Ryan (Ben McKenzie) bøllete oppførsel i andre sesong var også litt påtatt. The O.C. verkar dømt til å repetere seg sjølv, og eg skulle heller ha venta til sesongen var ferdig før eg fann på å sjå den. Slik eg gjorde det med første sesong.

Sorry er et av dei orda som går igjen og igjen i serien, så mykje at det mister si meining fullstendig. I denne samanheng unnskyldar eg meir til meg for mi skuld. Første halvdel av tredje sesong så eg på et vekentleg basis, noko som var en stor tabbe. Eg burde visst betre frå andre sesongs nedtur. Første halvdel av tredje sesong var noko av det kjedelegaste eg har sett, eg måtte gi opp og vente.

Når sesongen var ferdig derimot, gjorde eg det på den måten eg blei kjent med serien på gjennom, eg så alt i løpet av få dagar. Og det tok seg opp nokon hakk. Eg trudde serien hadde tapt seg heilt, men det var framleis nok igjen til at det er underhaldande.

Fjerde sesong av The O.C. blei den kortaste. På grunn av synkande sjåartal så Fox seg nøydd til å sette streken. Etter mi meining skjedde dette altfor seint. Sjølv om eg likevel brukt tid på å sjå serien ferdig.

Etter at Marissa (Mischa Barton) døydde mot slutten av tredje sesong har serien gått inn i en fase der svært lite av samanhengen mellom episodane er spennande. Allereie ut i andre sesong så eg teikn på at The O.C. gjorde seg best som ny, og at alt etterpå har vore et forfall.

Gamle trådar blei brukt igjen og igjen, og dei parodiske vendingane på typiske såpeseriar blei føreseielege. Plusset er at skaparane har sjølvironi omkring produktet dei lagar. Humoren og det sentimentale reddar serien. For eksempel vil Seth Cohen (Adam Brody) bli godt hugsa som slapp ungdom med sarkastisk tunge, og er ein skodespelar å følge vidare.

Siste episode var blant det mest avsluttande eg har sett i nokon serie hittil. Hopping framover i tid og lykke i massevis. Eg må innrømme eg fekk en klump i halsen, trass at eg for lengst hadde mist den største interessa.

The O.C. 2003-2007 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Fox

Skapar

Josh Schwartz

Skodespelarar

Peter Gallagher (I), Kelly Rowan, Ben McKenzie, Adam Brody, Rachel Bilson, Melinda Clarke, Mischa Barton, Tate Donovan, Alan Dale, Autumn Reeser

Sjangrar

Drama, Komedie, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The O.C.

Forfattar