The Omega Man

Film · 1971 · · 21. desember 2007
3/5

Robert Neville (Charlton Heston) er det siste menneske på jorda. Skjønt heilt åleine er han ikkje. Gatelangs herjar familien, ein organisasjon av virussmitta, lysvare folk.

Elles framstiller filmen dei virussmitta som passe like vanlege menneske. Dei trur på ei verd utan vanlege menneske, våpen og maskiner, som betyr at dei har ein oppegåande hjernefunksjon. Den verdsomspennande smitten blir sett på som harmen til Gud.

Robert Neville står i vegen for målet deira. Han er immun mot smitten, glad i våpen og mindre glad i familien. Moro tenkte eg ei stund, dessverre er det dårleg gjennomført. Filmen gir lite meining og skodespelarane skuffar.Familien er ein bleik bløff. Lista er lang over dårlege ting, og filmen kjennest lang han også.

IMDb-logo
The Omega Man 1971 plakat - Filmdagbok