The Other Boleyn Girl

Film · 2008 · · 18. november 2016
3/5

The Other Boleyn Girl handlar om to søstrer som begge får eit forhold til kongen av England. Filmen baserer karakterane og deler av handlinga på faktisk historie, men gjer si eiga greie til den grad at det blir ein samansveisa film med ekstra mykje drama.

Historia er det beste med The Other Boleyn Girl, men det manglar noko i korleis karakterane er skrive, og korleis regissøren har jobba med skodespelarane. Her tykkjer eg ikkje at alt sit så godt. Det blir gjort ein grei jobb, men filmen manglar innleving. Det største problemet har eg med Natalie Portman, som spelar ein karakter eg ikkje får noko ut av.

Eg såg The Other Boleyn Girl i ein kort periode kor eg så meg opp på fleire periodefilmar. Det er alltid ein sjanse for at ein film bleiknar i lyset av andre gode, eller blir dratt ned av ei bølge med andre berre passe gode filmar. Men med The Other Boleyn Girl er eg rimeleg sikker i plasseringa av filmen midt på treet. Det er ein film du trygt kan sjå om du har ei interesse for ingrediensane, men det er ikkje ein film som utmerker seg og kan bli anbefalt som ein inngang til fleire periodefilmar.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Other Boleyn Girl 2008 plakat - Filmdagbok