The Others

Film · 2001 · · 28. februar 2005
3/5

Sidan eg har trappa ned med talet på sette filmar i det siste, så set eg større pris på filmar enn for ein månad sidan. Så det å sjå ein film som i tillegg er ekstra god i ei slik tid er kjempebra.

Det som gjer at eg likar The Others er i første omgang at han handlar om ein forfattar. Eg må innrømme at eg likar filmar om forfattarar, kanskje på grunn av ei underbevisst lyst til å skrive godt sjølv. Finding Forrester er eit eksempel på ein slik film som også er høgt verdsett av meg.

Musikken var noko eg la godt merke til her, og eg vil gå så langt som å sei at han var tilnærma perfekt. Samspelet mellom klippinga og musikken i byrjinga tok eit skikkeleg tak i meg.

Skodespelet var greitt. Eg brydde meg ikkje særleg om at Mrs. Woolf blei spela av Nicole Kidman, for min del kunne ho ha blitt spela av kven som helst. For her er det så mykje sminke at eg ikkje kjenner igjen personen under.

Så kvifor ikkje ta ei god, ukjent, stygg, skodespelar i staden? Pengar og marknadsføring er det sannsynlege svaret. Men sidan eg ikkje sat og tenkte på at det var Nicole Kidman som var dama undervegs, så gjekk filmen sin gang og eg fokuserte meir på historia enn eventuelle forventingar til ei filmstjerne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Others 2001 plakat - Filmdagbok