The Out of Towners

Film · 1970 · · 5. juni 2016
2/5

I mangel på ei betre nemning kallar eg The Out of Towners for ein stresskomedie.

Dette er ein komedie kor alt går gale for dei sentrale karakterane våre. Nesten utan pusterom blir dei kasta inn i misforståingar, uhell og blir offer for kriminalitet. Samtidig har dei ein frist som må bli rokken. Summer opp dette og det blir ei stressande oppleving.

Jack Lemmon spelar mannen, og Sandy Dennis kvinna, som skal til New York i samband med eit viktig jobbintervju. Dei opplever forseinkingar, streik, og karakteren til Jack Lemmon er på toppen ein som tyr til raske løysingar.

Slitsame handlingar som dette er ikkje det eg likar best. Ofte blir det som å sjå på dei dumme personane i ein grøssar, kor dei handlar stikk i strid med fornufta. Som når dei oppsøker problem.

Sånn opplever eg The Out of Towners, som etter ei stund har halde på så lenge at han også blir kjedeleg. Eg har sett Jack Lemmon i nokon gode komediar, og han spelar ikkje verst her heller, men har resten av filmen mot seg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Out of Towners 1970 plakat - Filmdagbok