The Outsiders

Film · 1983 · · 26. august 2013
3/5

The Outsiders er først og fremst to ting. Det er ein fest med ei solid samling av kjente skodespelarar i ung alder. Tom Cruise, Rob Lowe, Matt Dillon og fleire.

Det er også ei sippete førestilling. Det er både håplaust og hysterisk og sjå dei tøffe typane snu på ein femøring og grine, klemme og brette ut om drøymar og deklamere dikt.

Det er ingen fantastisk fest, men innimellom tullet er det ei grei historie om harde kår og motsetningar i strid. Filmen er pen å sjå på, den nyaste utgjevinga har også nok av god musikk, så det duger.

IMDb-logo
The Outsiders 1983 plakat - Filmdagbok