The Ox-Bow Incident

I ein stille og kjedeleg liten by der folk gjer lite anna enn å sove, drikke, ete, spele poker og slåst, skjer det ein dag at ein rancheigar blir skoten. Sheriffen er bortreist. Ivrige som mannfolka i byen er når det først har skjedd noko, blir det oppstyr om kva som skal bli gjort. Her er det menn som talar godt for å følge lova, mens andre er ute etter det dei kallar effektiv rettsgong. Dei vil jakte etter gjerningsmannen på eigne premiss.

The Ox-Bow Incident har ikkje ein viktig hovudrolleinnehavar, sjølv om Henry Fonda kan skilte med nok skjermtid og namnet sitt øvst på lista er det den samla gruppa med mannfolk og ei kvinne som utgjer filmen. Gruppa kan delast inn i dei som er for lynsjing, dei som er for rettssak og dei som diltar etter dei andre.

Det som gjer filmen både interessant og spennande er dei stadige diskusjonane om kva som er rett og feil. Motpolane er alltid til stades, men når du trekk fram det mest sentrale avgjerslesorganet innan demokratiet, fleirtalet, så får du likevel ei form for justis i justismordet.

Eg vil ikkje spekulere for mykje på dette, men trekk fram at sjølv om eg nok sit med kjensla av kva som er rett og urett så har begge partane gode argument som gjer dette spennande om både utfall og kva som vil skje undervegs. Sjølv om det er motpartar så er byen samla.

The Ox-Bow Incident 1943 plakat - Filmdagbok