The Pacific

Serie · 2010 · · 4. august 2016
4/5

Krigsserien The Pacific frå HBO er for stillehavet det Band of Brothers var for Europa. Det handlar altså om andre verdskrig, og ulike skjebnar i horrible situasjonar. Eit innblikk i krigen fortalt gjennom tre personar i ulike kompani. Basert på sanne historier.

Etter Pearl Harbor kjempa USA ein brutal krig mot Japan på fleire stillehavsøyer. Forholda var grufulle, noko som kjem godt fram i The Pacific. Reint bortsett frå kva som skjedde på Iwo Jima er denne delen av andre verdskrig passe ukjent for meg.

Eg blei ikkje umiddelbart fanga av serien. Det er mykje å bite over, og det tok eit par episodar før eg fekk tak på dei sentrale karakterane. Straks det var gjort, løfteaserien seg til eit høgare nivå.

Mykje av serien består av kampar. Dei er nydeleg utført, trass i sitt grufulle innhald. Nokon få gonger blir det for mykje, og eg fell litt av. Det varer aldri lenge, dramaet som fangar meg mest i lengda kjem seg på sett og viss alltid på bana igjen.

Gode karakterar og oppbygginga til serien, som er mykje veksling mellom personar og stader på tvers av episodane, er det som til sjuande og sist avgjer.

Ei anbefaling av denne serien kjem med eit atterhald. Eg har Band of Brothers friskt nok i minnet, og den serien gjorde verkeleg eit inntrykk på meg. Har du ikkje sett han, så gjer det. Etter det kan du sjå The Pacific.

The Pacific 2010 plakat - Filmdagbok

Skodespel

James Badge DaleJoseph MazzelloJon SedaVis alle

Sjangrar

ActionEventyrDramaVis alle

Land