The Paperboy

Film · 2012 · · 22. januar 2013
2/5

Handlinga i The Paperboy er lagt til Miami på 1960-talet. Det handlar om eit par journalistar som vil avdekka sanninga om ein dødsdømt fange.

Visuelt er filmen forførande. Fargetonane er pene, om enn etter boka i kjent retrostil.

Handlinga går gongen sin, men det er så vidt nok til å fatta interesse. Det verkar som historia om fangen er mindre viktig enn kjærleiken. Forelskinga til Zac Efron i Nicole Kidman er det eg sit igjen med etterpå.

Forsøk på å trekkja inn annan tematikk kjennest tilfeldig og obligatorisk.

Filmen er ikkje direkte dårleg, men han er føreseieleg og endar opp med å bli verken det eine eller andre.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Paperboy 2012 plakat - Filmdagbok