The Parent Trap

Film · 1998 · · 27. november 2016
3/5

I blant går eg etter regissørar heller enn å bruke for mykje tid på å vurdere filmen. Dette var tilfelle med The Parent Trap, som er regissert av Nancy Meyers. Ein regissør eg til no har sett alle filmane til.

Filmen markerte debuten til Lindsay Lohan, som spelar to tvillingssøstrer som møtest på ein sommarleir, utan at dei visste om kvarandre på førehand. Deira foreldre blei skilte ikkje lenge etter fødselen, fekk foreldreretten til kvart sitt barn og busette seg høvesvis i Storbritannia og i USA.

På sommarleiren kjem deler av sanninga til overflata, og det resulterer i at dei avgjer å spleise foreldra på nytt, så dei kan bu saman som søstrer.

Filmen stikk ikkje spesielt djupt, men legg nok mest vekt på det komiske aspektet ved situasjonen. Dei seriøse grublingane over skiljet i utgangspunktet blir oversett.

I ein film kor du har tvillingar, og denne historia, så har du også situasjonar kor dei byter roller. Meir seier eg ikkje om den saka.

Filmen er grei skuring og plankekøyring ganske lenge. Lindsay Lohan er morosam, og det er ein del morosame situasjonar som oppstår. Men ikkje hysteriske.

Det eg ikkje forventa, var det filmen gjorde med sin siste halvtime. Vanlegvis varer mange komediar i denne sjangeren i ein og ein halv time, mens The Parent Trap varer i to timer. Denne lengda har nærast blitt eit kjenneteikn ved filmane til Nancy Meyer, og er ekstra tid ho brukar på å sette sitt eige preg på ikkje så altfor ukompliserte filmar. For å gi dei litt ekstra djupne. Det fungerer godt.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Parent Trap 1998 plakat - Filmdagbok