The Perfect Christmas Present

Film · 2017 · · 13. desember 2018
2/5

The Perfect Christmas Present er ein Hallmark-film med Sam Page og Tara Holt i hovudrollene.

Sam Page spelar mannen som har fått tilnamnet Mr. Christmas. Han jobbar som konsulent med oppgåva å finne gode gåver til folk. Det kan vere familie, venner eller ein kjæraste som bestill oppdrag frå han. Då gjer han seg kjent med personen dei skal gi gåve til, og gir bestillaren ei anbefaling på gåve etter å ha laga ein profil på personen.

Like før jul kjem ein venn av han og ber han finne ei gåve til kjærasten. Det viser seg at han sjølv fort blir glad i kjærasten som han skal profilere.

På overflata er dette ein lett romantisk komedie med ei ukomplisert historie. Med ein gong ein skrapar i overflata kjem mykje rart fram. Eg kan nemne det at filmen problematiserer både seint og lite om Mr. Christmas og kjærasten til vennen sitt samvær utover i filmen og utviklinga av kjensler for kvarandre.

For å gå vidare til større avsløringar i filmen, så kan eg også nemne kor rart det framstår at vennen til Mr. Christmas mot slutten av filmen oppfordrar Mr. Christmas og sin ekskjæraste til å bli eit par.

The Perfect Christmas Present er ikkje den beste julefilmen frå Hallmark eg har sett, nettopp på grunn av at delar av innhaldet skurrar.

IMDb-logo
The Perfect Christmas Present 2017 plakat - Filmdagbok