The Perfect Date

Film / 2019
3/5

Me møter Brooks (Noah Centineo) som blir einig om å ta med Celia (Laura Marano) på eit betalt stemnemøte. Dette gir Brooks ideen om å lage ei appteneste som tilbyr det perfekte stemnemøte. Der han vil kle seg, oppføre seg og snakke som bestilt. Me ser han spelar ei rekke ulike rollar.

Filmen gjer som She's All That. Den filmen gjekk ut på eit veddemål om å gjere den minst stilige jenta på skulen om til skuleballdronning. Men i The Perfect Date så er i det minste jenta oppegåande og sterk. Sjølv om ho framleis er ein utsidar.

Både Noah Centineo og Laura Marano gjer gode rollar. Dei er gode på å plage kvarandre, noko som gjer at filmen kan formidle skarpe replikkar mellom dei to. Gradvis kjem dei også nærare kvarandre i løpet av filmen. Men når dei gjer slutt på det falske forholdet, så verkar det som Noah Centineo overspelar. Medan Laura Marano verkar såra på ekte.

Det er to seriøse tema i denne romantiske komedien. Det handlar om usikre tenåringar, og det handlar om å vere deg sjølv.

Ein hyggeleg Netflix-film.

The Perfect Date 2019 plakat - Filmdagbok