The Perfect Host

Film · 2010 · · 18. januar 2013
3/5

Ei kriminell handling sender John på rømmen. Desperat og skada lurer han seg inn hjå ein tilfeldig mann ved å late som dei har ein felles kjent.

Mannen, eller verten, viser seg å vere langt frå normal, og kvelden tar ei spesiell vending.

Clayne Crawford og David Hyde Pierce spelar godt mot kvarandre. Karakterane deira er sprø og uføreseielege nok til å skape den nødvendige spenningen i det avgrensa miljøet filmen går føre seg i.

Filmen utviklar seg til å bli meir enn han legg opp til undervegs. Utbyttet er greitt nok sånn sett. Problemet er at med ein gong du veit noko om filmen, så står filmen på å leve opp eller lure. Og sjølv om karakterane er gode nok til ein ting, så er dei ikkje nok i sitt selskap til å gjere filmen fullkommen. Forsøka på å lure med overraskande utfall framstår difor som enkle utvegar i forsøk på å redde det.

Eg ser ofte det eg vil sjå i ein film. Er filmen den perfekte for kvelden er det lett å like, uansett nivå. Det handlar om ei form for utbytte. Og uansett korleis eg ser på det, enten ved å finne dei små tinga eg ikkje likte eller det store bilde, så er The Perfect Host toppen ein grei film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Perfect Host 2010 plakat - Filmdagbok