The Pianist

Film · 2002 · · 30. september 2005
4/5

Eg er ikkje så glad i actionkrigsfilmar til at det gjer noko, med skyting og kriging på slagmarka, bombefly og krigsskip, men krigsdrama har eg meir sansen for, der står ofte historia meir sentralt. Og der er krigen omstende som kan gi eit personleg drama ein ekstra dimensjon, som eit fysisk hinder utanfor kontrollen til ein person.

Sånn som i The Pianist om ein jøde (Adrien Brody) og kampen hans for å overleve under andre verdskrig. Som dyktig pianist har han ein sjanse, og det er dette håpet som gir den nødvendige spenninga. Regissøren Roman Polanski har laga ein både visuelt vakker film og ein film med ei sterk historie.

IMDb-logo
The Pianist 2002 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Adrien BrodyEmilia FoxMichal ZebrowskiVis alle

Sjangrar