The Pink Panther

Film · 1963 · · 30. mai 2016
3/5

Ein diamant som blir kalla den rosa panter blir det ettertrakta objektet som handlinga i The Pink Panther speler seg ut rundt.

Med David Niven, Peter Sellers og Claudia Cardinale er det duka for ein stjernespekka komedie. Det kan nok stemme, men spesielt artig er han dessverre ikkje. Med tanke på både skodespelarar og utgjevingsår hadde eg store voner, men blei nok litt skuffa.

The Pink Panther er mykje frem og tilbake, og har ein veldig tona ned form for humor. Det er meininga at komedien skal vere i detaljane, men når det ikkje slår an hjå meg er det ikkje særleg igjen. For resten av filmen er eit spel med kriminelle element, utan å stikke særleg djupt eller vere spesielt spennande.

Eg både trudde og håpte at dette skulle vere min type film. Det enda opp med at den mest underhaldande delen var den animerte opningssekvensen. Hadde resten av filmen vore ein halvtime kortare og meir tettpakket, samt spissare, så hadde eg kanskje likt han betre.

Kritikk sett til side, denne filmen hadde også nokre lyspunkt. Å avfeie han fullstendig blir vanskeleg. Eg har sansen for den humoristiske oppførselen til Peter Sellers. David Niven er ein kul fyr, og samspelet mellom han og Claudia Cardinale er ein fryd og så morosam som eg skulle ønske resten av filmen var.

Planen min var i utgangspunktet å starte med denne, og deretter sjå resten av filmane i serien. Men det blir med å sjå denne.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Pink Panther 1963 plakat - Filmdagbok