The Plague (2006)

Film / 10. november 2006
2/5

Ti år etter alle barn under ni år plutseleg fall inn i ei form for koma vaknar dei opp igjen og byrjar å drepe folk. I kjent zombiefilm-stil følger me ei gruppe med menneske som prøver å unngå å bli drepe. Men dette er ikkje zombiar, dette er levande menneske på 19 år og yngre som går rundt i en slags transe.

Dette er Hal Masonberg sin første featurefilm, og han prøver med denne å lage en 'living dead'-film som unngår dei verste klisjeane. Her er det ingen splitta gruppe, og stereotypane er tona ned. Hovudpersonen Tom som nettopp har komme ut frå fengselet etter uforsetteleg drap er nærast som pasifist å rekne, mens ekskona Jean som ikkje kan tilgi Tom for det han gjorde har en mørkare side ved seg. Slik sett er filmen interessant, den lev aldri opp til dei forventningane en har om kva som vil skje. Men det gjer og filmen til en lite engasjerande greie, og når den ikkje hentar det inn på å vere skummel, så er det ikkje så mykje igjen. Likevel om ungdomsgjengen i transe er både raske, smarte og sterke, så klarer den seg ikkje.

Slutten er også noko av det mest tullete eg har sett på ei stund, og set dermed prikken over i-en på denne filmen som godt under middels. Skodespelarane nemner eg ikkje, dei gjer ikkje stort ut av seg. Dialogane er få og dumme. Dei verste klisjeane er unngått her og, men nokon dukkar opp.

The Plague 2006 plakat - Filmdagbok

Regi

Hal Masonberg

Manus

Hal Masonberg, Teal Minton

Skodespelarar

James Van Der Beek, Ivana Milicevic, Brad Hunt, Joshua Close, John P. Connolly, Dee Wallace, Brittany Scobie, Bradley Sawatzky, Jon Ted Wynne, Arne MacPherson

Sjanger

Grøssar

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Plague

Forfattar