The Pregnancy Project

Film · 2012 · · 22. oktober 2015
3/5

Kanskje er eg miljøskada av for mange tv-filmar i det siste. Eller så er denne Lifetime-filmen faktisk god. Ikkje kjempegod, men verdt å gi litt skryt for historia til.

Det handlar om ei jente som vel å late som ho er gravid som avsluttande prosjekt, siste året på high school. Berre få personar får vite at ho latar som, og formålet er å observerer korleis ho blir behandla av venner og andre, som gravid og tenåring.

Filmen er basert på ei bok, som er basert på ei sann historie. Alexa PenaVega spelar hovudrolla. Og det heile er ein dramatisk utføring kor ting går alvorleg for seg. Dette gir filmen ei god djupne. Produksjonen og skodespelet er tvers over godt. Det har litt med forventingar å gjere, men eg har ikkje stort å sette fingeren på.

Det som er med ein tv-film er at han er meir konsentrert på få karakterar og meir føreseieleg. Samanlikna med mange studiofilmar med større budsjett. Har historia noko for seg betyr dette lite, og kan ofte vere bra. Eg har sansen for filmar som går rett på sak. Tilfelle her er at historia er god nok til at konsentreringa er god.

Det er meininga at denne filmen skal treffe godt emosjonelt, og tar for seg enkle seriøse poeng. Så alt som er skrive her tar høgde for kva type film dette er.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Pregnancy Project 2012 plakat - Filmdagbok