The President's Analyst

Film · 1967 · · 6. juni 2016
2/5

James Coburn spelar ein dyktig psykoanalytiker, som blir headhuntet til den ærefulle jobben som psykologen til presidenten.

Det som i starten verka som eit spennande og interessant oppdrag, endar opp med å bli eit stressmoment for karakteren Dr. Sidney Schaefer spelt av James Coburn.

Til slutt prøver han å rømme, då dette er hans einaste utveg etter alt han har lært om presidenten i deira sesjonar. I tillegg til amerikansk etterretning får han mektige byrå frå resten av verda etter seg også. Alt frå russarar og kinesarar til kanadiarar.

Etter den innleiande delen av filmen, fram til Schaefer merkar stresset i jobben, mistar eg mykje av interessa. Filmen tar ei vending mot å bli ei blanding av agentkomedie og kasteballkomedie. Eg er usikker på den rette kategoriseringa, og meiner med kasteballkomedie at me flyttar oss geografisk frå det eine problemet til det andre. Litt som i ein bilturkomedie.

Forventingane mine var nok meir knytt til James Coburn og rolla hans som psykoanalytikeren. I forkant av filmen såg eg filmtraileren, som fokuserte på dette aspektet. Og på James Coburn som ein slags playboy. Eg veit betre enn å forvente ein film lik filmtraileren, men dette var som natt og dag i store deler av filmen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The President's Analyst 1967 plakat - Filmdagbok