The Prince and the Pauper

Film · 1990 · · 29. desember 2020
3/5

The Prince and the Pauper er ein Disney-versjon av ein Mark Twain-roman frå 1881. Ein roman eg ikkje har lese, så eg veit for lite til å gjere noko som helst samanlikning. Ut frå dette tok eg The Prince and the Pauper som ferskingen eg var. Men eg har sett nok av andre filmar til at eg såg likskapar til denne historia.

Dette handlar om ein prins i Mikke-form, og ein fattiggut i Mikke-form. Dei lengtar begge etter forandring. Når dei møtes ser dei ein sjanse i å opppleve dette, så dei kler seg om og skal vere den andre for ei lita stund. Men prisen har ein utru undersått i form av Svarte-Petter. Og han vil komme til å skape trøbbel for byttinga.

Det er ikkje så mykje meir som er vits å sei om historia. Det er ein artig og passe kort animasjonsfilm på under halvtimen. Og 1990-talet er ikkje eit så aller verst tiår for dette formatet når det gjeld Disney-filmar. Det kan ha å gjere med at dette var mitt tiår som barn då Donald Duck, Mikke Mus og resten av Andeby stod høgst for min del. Og sjølv om eg ikkje har sett denne filmen før, så er dette noko eg gjerne skulle ha sett på den tida. Så det nostalgiske slår inn for min del.

IMDb-logo
The Prince and the Pauper 1990 plakat - Filmdagbok