The Princess Bride

Film · 1987 · · 18. november 2006
3/5

Eit lite vonbrot dette.

Eg kan starta med det eg likte med filmen. Mandy Patinkin gjer ei framifrå rolle som dugeleg fektar, og leverer òg filmen si einaste gode scene: Ei dramatisk fektescene på kanten av eit stup mot den maskerte piraten.

Resten vart for mykje ein eventyrfilm for barn for meg. Humoren var ikkje dristig nok og historia var ikkje dramatisk nok. Dei som er vakse opp med filmen har nok eit betre forhold til han enn meg. Sidan dette var første gong eg ser han, så kan eg ikkje sei noko fint om filmen som eg ikkje meiner.

IMDb-logo
The Princess Bride 1987 plakat - Filmdagbok