The Princess Switch

Vanessa Hudgens spelar både ei ung, amerikansk kvinne frå Chicago og ei hertuginne frå det oppdikta europeiske landet Montenaro, i Netflix-julefilmen The Princess Switch frå 2018.

Dei møtes i eit anna oppdikta land, monarkiet Belgravia, der kvinna frå Chicago skal delta i ein bakekonkurranse i lag med kollegaen og vennen Kevin. Og der hertuginna skal gifte seg med prinsen Edward.

Som tittelen ymtar om, så skjer det eit byte i filmen. Dei to nesten like kvinnene bestemmer seg for å byte roller i all hemmelegheit, i to dagar. I løpet av den tida skjer så mangt, i retning av det romantiske.

The Princess Switch er ein produksjon av typen der du gjerne legg merke til avgrensingane budsjettet har ført til med tanke på innspelingstidspunktet og plasseringar. Det er opplagt at filmen er spelt inn i ei varm årstid, med sterk sol og falsk snø i store mengder. Faktisk så ser det ut til at skodespelarane i filmen har det svært så varmt i kostyma sine.

Når det gjeld historia er ho enkel, føreseieleg, men elles både komisk og fin. Det er humor både i det ufriviljuge og det friviljuge. Klisjeane og at det forventa skjer er underhaldningsverdi ved rett innstilling når du skal sjå filmen.

Jaktar du den store opplevinga og ekte julestemning, så bør du jakte vidare. Har du som meg sansen for julefilmar for tv, som Hallmark og etter kvart Netflix har komme ein del med, så kan du trygt satse på The Princess Switch.

The Princess Switch 2018 plakat - Filmdagbok