The Producers

Film / 2005
2/5

Dette er basert på Broadway-musikalen frå 2001 med same namn, som vidare er basert på filmversjonen frå 1968. No har eg verken sett den førre filmversjonen eller musikalen. Så eg kan ikkje gjere noko samanlikning. Og i utgangspunktet er eg heller mindre interessert i musikalar.

Men denne filmen er så morosam i tillegg til musikken, at det blir verdt å sjå. Matthew Broderick gjer ei god rolle som den patetiske Leo Bloom, men det lengste strået trekk nok Will Ferrell som Franz Liebkind. Will Ferrell har tidlegare stort sett vore middels morosam i sine overdrivne roller, men her passar det perfekt når han spelar ein tysk dueglad nazipatriot.

Historia er ganske enkel. Bokhaldaren Bloom kjem for å sjekke rekneskapen til Bialystock (Nathan Lane), når han kjem på ideen om at han kan tene pengar på å lage ein musikalsk flopp. Om musikalen skal vise seg å bli ein suksess, vil dei bli oppdaga for svindelforsøket. Men trass i at han kom på ideen, vil han ikkje umiddelbart vere med på å gjennomføre han. Etter å ha blitt overtala, set han og Bialystock seg ned for å finne på det verste manuskriptet, og slik kjem dei over Springtime for Hitler av Franz Liebkind.

Eg skreiv over at filmen er morosam i tillegg til musikken, men det betyr ikkje at musikken berre er god. Eigentleg er han stort sett grufull, med eit par unntak. Eg bruker grufull fordi han blir det når det einaste eg får høyre er ulike tekstar til same type musikk. Det blir mange høge tonar som til slutt blir eit slit å høyre på, og eg måtte ta ein ekstra lang toalettpause midt i filmen før eg orkar å sjå resten.

Grunnen til at eg pinte meg gjennom musikken for å sjå resten er fordi trass i den enkle historia, så er det faktisk litt morosamt å sjå på alle dei rare, fargerike og overdrivne karakterane. Også er svenske Ula (Uma Thurman) eit underbart syn, som ein bonus.

Eg kan nemna heilt på slutten her at dette er ein av dei beste musikalane eg har sett, og slår den grufulle Chicago godt ned i støvlettane.

The Producers 2005 plakat - Filmdagbok

Publisert

26. april 2006 av

Regi

Susan Stroman

Manus

Thomas Meehan, Mel Brooks

Skodespelarar

Nathan Lane, Matthew Broderick, Uma Thurman, Will Ferrell (I), Gary Beach, Roger Bart, Eileen Essell, Michael McKean, David Huddleston, Debra MonkVis alle 323 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Musikal

Land

USA

IMDb

IMDb-side om The Producers