The Proposal

Film · 2009 · · 18. januar 2010
4/5

The Proposal er den mest innbringande filmen med Sandra Bullock hittil, så med tanke på at The Blind Side som òg kom i 2009 blei den mest innbringande filmen i løpet av ei opningshelg for Sandra Bullock, så har den 46 år gamle kvinna gjort det skarpt det siste året.

Om The Proposal er ein fullt ut like skarp film kan diskuterast, men dårleg er han ikkje. Eit par ting skal vere sagt om denne typen romantisk komedie, det er den typen som stadig vekk kjem tytande ut av dei store studioa, og der mesteparten er heller dårleg. I blant dukkar det derimot opp ein film som du kan sette pris på. Sjølv om det kom betre komediar ut i løpet av 2009, er The Proposal verdt å nemna innanfor sitt felt. Eg viser til plakaten og tittelen, som du kan knyte visse assosiasjonar til.

Det er i grunn liten vits å seie noko om handlinga. Det er verken originale vendingar eller ekstraordinære skodespelarprestasjonar å finne her. The Proposal er likevel passe frisk. Han har humor som fungerer og sin del av små, hjartevarme augneblinkar. Eg føler likevel, som kan nemnast som eit innspel her, at det blir viktig å åtvare dei som har ein generelt høg terskel for kva som ikkje er kvalmande søt romantisk komedie, då vil denne mest sannsynleg ikkje vil falle i smak.

For oss andre som kan sette pris på ein film med store filmstjerner i rollene. Og som blir forelska over den ene klisjeen og under den andre, så er The Proposal godt over gjennomsnittet. Det i ein sjanger der mykje ligg under gjennomsnittet. Det betyr ikkje at dette er ein film som er god fordi andre liknande ofte er dårlege, men fordi Sandra Bullock og Ryan Reynolds utgjer eit godt team og resultatet av dette møtet blir ein til tider nydelege film, med små stunder som både kan få deg til å le og tenke.

IMDb-logo
The Proposal 2009 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land