The Purge: Anarchy (2014)

Film / 9. juni 2019
3/5

Eg skriv denne filmmeldinga kort tid etter å ha sett The Purge: Anarchy. Ganske enkelt fordi eg tippar at eg sannsynlegvis ikkje vil hugse filmen så godt om nokre dagar. Og viss eg skulle gløyme det, så kan eg lese mi eiga filmmelding for å minne meg på kva han handa om.

Det kan høyres ut som at eg hata filmen, men det gjorde eg ikkje. På ei anna side er det vanskeleg å setje ord på kva som var positivt. Det er ein av dei underhaldande actionfilmane som etterlet meg utan varige inntrykk, verken gode eller dårlege.

Viss du såg den første Purge-filmen, så veit du at kriminaliteten stort sett er utrydda i USA. Ein gong i nær framtid, rundt og etter 2022. Korleis har det blitt oppnådd? Ved å la alle borgarar lovleg utføre dei kriminelle handlingane dei vil i løpet av 12 timar, ein gong i året. Det blir kalla ei utreinskingsnatt.

I løpet av desse timane har alle lov til å myrde, stele, gjere overgrep og øydelegge. Politiet og andre beredskapstenester har trukke seg tilbake og vil ikkje stå i vegen. Poenget med denne natta er å la alle få utløp for dette, slik at dei ikkje har behov for det resten av året. Viss du vel å ikkje stille for mange spørsmål rundt denne delen av filmen, så vil du kunne hygge deg med rå action resten av tida.

Det einaste problemet med utreinskingsnatta er om du sjølv er ute i gatene på denne tida. Då er du verkeleg i trøbbeel. Og det er akkurat dette som skjer med dei fem uvitande heltane våre. Ei lita gruppe med menneske som må overleve natta, i kamp mot gjengar som består av vanlegvis oppegåande menneske, men som i løpet av natta vil drepe og herje.

Dessverre så hadde eg ikkje så mykje til overs for karakterane i filmen. Dei er generiske stort sett alle saman. Dei spring rundt og skrik, kjempar tilbake mot overgrepa og klarar å få inn eit godt skot i ny og ne. Det er stort sett det filmen handlar om.

Det er ein actionfilm først og fremst. Ein som prøver å stå bak sosiale kommentarar om menneskes primitive behov og så vidare, men eigentleg ikkje så vellykka på dette. Ein overlevingsfilm eg på mange måtar har sett før, men det er likevel ikkje så ille. Det er god action.

The Purge: Anarchy 2014 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Purge

Regi

James DeMonaco

Manus

James DeMonaco

Skodespelarar

Frank Grillo, Carmen Ejogo, Zach Gilford, Kiele Sanchez, Zoë Soul, Justina Machado, John Beasley, Jack Conley, Noel Gugliemi, Castulo Guerra

Sjangrar

Action, Grøssar, Science fiction, Thriller

Land

USA, Frankrike

IMDb

IMDb-side om The Purge: Anarchy

Forfattar