The Purge (2013)

Film / 8. juni 2019
3/5

Menneske har eit naturleg instinkt som rovdyr for å drepe, men samfunnet har tvinga oss til å undertrykke desse kjenslene ved å leve på ein sivilisert måte. Iallfall i følge den nye Ethan Hawke-filmen The Purge, eit veldig interessant konsept for ein film, som utforskar eit framtidig samfunn der alle lovbrot er tillate ei natt i året.

Det er 2022 som eigentleg ikkje er så langt unna. Arbeidssløysa i USA er 1 %. Kriminaliteten er rekordlåg. Og alle verka lykkelege, spesielt James Sandin (Hawke), ein rik statsborgar som tenar ei formue på å selje sikkerheitssystem til hus. Populært med tanke på å verna seg under den årlege utreinskinga.

I utgangspunktet er årsaka til at arbeidsløysa og kriminalitet er så låg, at det skjer ei utreinsking ei natt kvart år, kor alt lovbrot (mord, valdtekt, ran, med meir) er lovleg. Verken politiet eller andre beredskapstenester får lov til å blande seg inn. Det er fullstendig galskap. Men på film er det også spennande.

James og familien hans unngår utreinskinga ved å beskytte det store huset sitt med eit sikkerheitssystem. Mens utanfor drep alle andre kven dei vil. Dette endrar seg derimot når den yngste sonen til James, Charlie, slepp inn ein framand i huset.

Dette byrjar som ein veldig fengslande film. Konseptet med lovleg kriminalitet var interessant ei stund. Men ikkje så langt ut i filmen gjekk dette mot å bli ein vanleg actionfilm, kor Ethan Hawke kjempar mot farlege gjengar som forsøker å angripe huset. Eg likar ein god actionfilm, men er glad for at The Purge skapa eit bakteppe før det gjekk så langt.

Kort spelelengde på 85 minuttar, og ein del vendingar ved jamne mellomrom, sørgar for at dette ikkje blir kjedeleg.

The Purge 2013 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Purge

Regi

James DeMonaco

Manus

James DeMonaco

Skodespelarar

Ethan Hawke, Lena Headey, Max Burkholder, Adelaide Kane, Edwin Hodge, Rhys Wakefield, Tony Oller, Arija Bareikis, Tom Yi, Chris Mulkey

Sjangrar

Grøssar, Thriller

Land

USA, Frankrike

IMDb

IMDb-side om The Purge

Forfattar