The Purple Rose of Cairo

Film · 1985 · · 9. januar 2008
4/5

Dette er ein film av Woody Allen, men utan Woody Allen, verken på bildesida eller i lydsporet. Der har me Mia Farrow og Jeff Daniels, med hjelp av Danny Aiello.

Cecilia (Mia Farrow) lev under depresjonen, er glad i film og mindre glad i ektemannen Monk (Danny Aiello). Så kjem The Purple Rose of Cairo på kino og ho blir fullstendig fengsla og må sjå han om igjen fleire gonger, heilt til Tom Baxter (Jeff Daniels) ein dag hoppar ut av lerretet.

Morosamt og spesielt. Og Woody Allen er godt oppmerksam på bruken av filmformatet. Her blandar han alle moglege konvensjonar i hytt og pine.

IMDb-logo
Filmfront-logo
The Purple Rose of Cairo 1985 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land